6. ikkje til mange folk som talar uskjønelege og vanskelege språk, så du ikkje forstår kva dei seier. Om eg sende deg til dei, skulle dei sanneleg høyra på deg.
7. Men Israels ætt vil ikkje høyra på deg, for dei vil ikkje høyra på meg. For heile Israels-ætta har harde panner og hjarto.
8. Sjå, eg gjer andletet ditt og panna di harde som deira.
9. Eg gjer panna di hard som diamant, hardare enn flint. Du skal ikkje vera redd dei og ikkje skjelva når du møter dei, om dei er ei trassig ætt.»
10. Så sa han til meg: «Menneske, alle dei ord eg talar til deg, skal du ta inn i ditt hjarta, og du skal høyra på dei med dine øyro.
11. Gå til dei bortførte av folket ditt, tal til dei og sei: Så seier Herren Gud – anten dei vil høyra eller ikkje.»
12. Då kom ånda og lyfte meg opp, og bak meg høyrde eg ei sterk, ljomande røyst: «Lova vere Herrens herlegdom frå hans bustad!»
13. Eg høyrde lyden av skapningane når vengene deira møttest, lyden av hjula attmed dei og ein sterk ljom.
14. Ånda lyfte meg opp og tok meg med, og eg fór av stad, beisk og oppøst i hug, og Herrens hand var over meg med styrke.
15. Eg kom til dei bortførte i Tel-Aviv, dei som budde attmed Kebar-elva. Og der sat eg hjå dei i sju dagar, reint lamslegen.