Esekiel 3:1-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Han sa til meg: «Menneske, et det du finn her! Et denne bokrullen! Gå så og tal til Israels ætt!»

2. Eg opna munnen, og han lét meg eta bokrullen.

3. «Menneske,» sa han. «Metta din mage og fyll dine innvolar med denne bokrullen som eg gjev deg.» Då åt eg, og rullen var søt som honning.

4. Så sa han til meg: «Menneske, gå til Israels ætt og tal mine ord til dei!

5. Eg sender deg ikkje til eit folk som talar eit uskjøneleg og vanskeleg språk, men til Israel;

6. ikkje til mange folk som talar uskjønelege og vanskelege språk, så du ikkje forstår kva dei seier. Om eg sende deg til dei, skulle dei sanneleg høyra på deg.

7. Men Israels ætt vil ikkje høyra på deg, for dei vil ikkje høyra på meg. For heile Israels-ætta har harde panner og hjarto.

8. Sjå, eg gjer andletet ditt og panna di harde som deira.

9. Eg gjer panna di hard som diamant, hardare enn flint. Du skal ikkje vera redd dei og ikkje skjelva når du møter dei, om dei er ei trassig ætt.»

10. Så sa han til meg: «Menneske, alle dei ord eg talar til deg, skal du ta inn i ditt hjarta, og du skal høyra på dei med dine øyro.

11. Gå til dei bortførte av folket ditt, tal til dei og sei: Så seier Herren Gud – anten dei vil høyra eller ikkje.»

12. Då kom ånda og lyfte meg opp, og bak meg høyrde eg ei sterk, ljomande røyst: «Lova vere Herrens herlegdom frå hans bustad!»

13. Eg høyrde lyden av skapningane når vengene deira møttest, lyden av hjula attmed dei og ein sterk ljom.

14. Ånda lyfte meg opp og tok meg med, og eg fór av stad, beisk og oppøst i hug, og Herrens hand var over meg med styrke.

15. Eg kom til dei bortførte i Tel-Aviv, dei som budde attmed Kebar-elva. Og der sat eg hjå dei i sju dagar, reint lamslegen.

16. Då dei sju dagane var lidne, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

Esekiel 3