Esekiel 28:9-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Vil du då seia at du er ein gud,andlet til andlet ¬med dine drapsmenn?Du er ingen gud, ¬men berre eit menneskei hendene på dine banemenn.

10. Som dei uomskorne ¬skal du døyfor handa åt framande.For eg har tala, ¬seier Herren Gud.

11. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

12. Menneske, set i med ein klagesong over kongen i Tyrus og sei til han: Så seier Herren Gud:Du var seglet på det fullkomne,full av visdom og venleik.

13. Du budde i Eden, Guds hage,og var dekt ¬med alle slag dyre steinar:rubin, topas og diamant,krysolitt, karneol og jade,safir, turkis og smaragd.Dine handtrommer og smykkevar innlagde med gull;dei vart lagaden dagen du vart fødd.

Esekiel 28