Esekiel 28:20-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

21. Menneske, vend deg mot Sidon, tal profetord mot byen

22. og sei:Så seier Herren Gud:Sjå, no kjem eg mot deg, Sidon;eg vil visa mi guddomsmakt ¬på deg.Folket skal sanna ¬at eg er Herren,når eg held dom over byenog der viser kor heilag eg er.

23. Eg sender pest over byenog lèt blodet renna i gatene.Menn vert drepne, ¬dei fell for sverdsom vert rette mot byen ¬frå alle kantar.Då skal dei sanna ¬at eg er Herren.

24. Israelittane ¬skal ikkje lenger plagastav taggar som stikk ¬og klunger som svir,av grannefolk ¬som vanvørder dei.Dei skal sanna at eg er Herren.

25. Så seier Herren Gud: Når eg samlar israelittane frå folka dei er spreidde imellom, vil eg midt imellom dei, for augo på folkeslaga, visa kor heilag eg er. Dei skal få bu i sitt land, det som eg gav Jakob, tenaren min.

26. Ja, der skal dei bu trygt, byggja hus og planta vingardar. Dei skal bu trygt, medan eg held dom over alle grannefolka som vanvørder dei. Då skal dei sanna at eg er Herren deira Gud.

Esekiel 28