16. Din store handel ¬førte med segat du vart fylt av vald ¬og tok til å synda.Då dreiv eg deg bort ¬frå gudefjelletog gjorde ende på deg,du vernande kjerub,mellom dei glitrande steinane.
17. Din venleik ¬gjorde deg hovmodig,og fordi du var så strålande,øydde du din visdom.Då kasta eg deg til jordaog gav deg over til kongar,så dei kunne sjå på deg ¬med lyst.
18. Med all di skuld ¬og din urett i handelvanhelga du dine heilagdomar.Så sende eg eld imot deg,og han gjorde ende på deg.Eg lét deg verta til oske ¬på jordafor augo på alle som såg deg.
19. Alle som kjende deg ¬ute mellom folka,fælte då dei såg deg.Du har vorte til skrekk og gru,og borte er du for alltid.
20. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
21. Menneske, vend deg mot Sidon, tal profetord mot byen
22. og sei:Så seier Herren Gud:Sjå, no kjem eg mot deg, Sidon;eg vil visa mi guddomsmakt ¬på deg.Folket skal sanna ¬at eg er Herren,når eg held dom over byenog der viser kor heilag eg er.