13. Du budde i Eden, Guds hage,og var dekt ¬med alle slag dyre steinar:rubin, topas og diamant,krysolitt, karneol og jade,safir, turkis og smaragd.Dine handtrommer og smykkevar innlagde med gull;dei vart lagaden dagen du vart fødd.
14. Eg gjorde deg til ein strålande, ¬vernande kjerub.Du var på det heilage ¬gudefjellet,og gjekk ikring ¬mellom glitrande steinar.
15. Frå den dagen du vart fødd,var du heil i di ferd,til dess det vart funne urett ¬hjå deg.
16. Din store handel ¬førte med segat du vart fylt av vald ¬og tok til å synda.Då dreiv eg deg bort ¬frå gudefjelletog gjorde ende på deg,du vernande kjerub,mellom dei glitrande steinane.
17. Din venleik ¬gjorde deg hovmodig,og fordi du var så strålande,øydde du din visdom.Då kasta eg deg til jordaog gav deg over til kongar,så dei kunne sjå på deg ¬med lyst.
18. Med all di skuld ¬og din urett i handelvanhelga du dine heilagdomar.Så sende eg eld imot deg,og han gjorde ende på deg.Eg lét deg verta til oske ¬på jordafor augo på alle som såg deg.
19. Alle som kjende deg ¬ute mellom folka,fælte då dei såg deg.Du har vorte til skrekk og gru,og borte er du for alltid.
20. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
21. Menneske, vend deg mot Sidon, tal profetord mot byen
22. og sei:Så seier Herren Gud:Sjå, no kjem eg mot deg, Sidon;eg vil visa mi guddomsmakt ¬på deg.Folket skal sanna ¬at eg er Herren,når eg held dom over byenog der viser kor heilag eg er.
23. Eg sender pest over byenog lèt blodet renna i gatene.Menn vert drepne, ¬dei fell for sverdsom vert rette mot byen ¬frå alle kantar.Då skal dei sanna ¬at eg er Herren.