Esekiel 28:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Menneske, sei til fyrsten i Tyrus: Så seier Herren Gud:Hovmodig er ditt hjartanår du seier: «Eg er ein gudog sit på eit gudesete ¬uti havet.»Du er berre eit menneske ¬og ikkje ein gud,likevel kjenner du deg ¬som ein gud.

3. Sjå, du er visare enn Daniel,ingen løyndom er duld for deg.

4. Med visdom og vit ¬har du vunne deg rikdom;i dine skattkammer ¬har du samla gull og sølv.

5. Med din store klokskap ¬i handelauka du din rikdom;men rikdomen ¬gjorde deg hovmodig.

6. Difor seier Herren Gud:Fordi du kjenner deg ¬som ein gud,

7. sjå, difor sender eg mot degframande folkeslag ¬som ikkje tek omsyn.Trass i din storslegne visdomdreg dei sverdet mot degog vanhelgar deg ¬i din strålande glans.

8. Dei støyter deg ned i grava;midt uti havet skal du døylik folk som vert slegne i hel.

9. Vil du då seia at du er ein gud,andlet til andlet ¬med dine drapsmenn?Du er ingen gud, ¬men berre eit menneskei hendene på dine banemenn.

10. Som dei uomskorne ¬skal du døyfor handa åt framande.For eg har tala, ¬seier Herren Gud.

11. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

12. Menneske, set i med ein klagesong over kongen i Tyrus og sei til han: Så seier Herren Gud:Du var seglet på det fullkomne,full av visdom og venleik.

Esekiel 28