Esekiel 27:22-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Kjøpmenn frå Saba og Rama handla med deg. Den finaste balsam, alle slag dyre steinar og gull gav dei for varene dine.

23. Folk frå Karan, Kanne og Eden og kjøpmenn frå Saba, Assur og Kilmad dreiv òg handel med deg.

24. På marknaden din selde dei staselege klede og purpurkapper, mangleta ty og teppe i to fargar og snorer som var tvinna fast.

25. Tarsis-skip ¬var dine handelskaravanar.Du var fylt av varer ¬og tungt lastanår du drog langt til havs.

26. Dine rorskarar førte deg ¬i mange farvatn.Men så kjem stormen frå austog knuser deg der ute på havet.

27. Ditt gods ¬og dine handelsvarer,dine sjømenn ¬og dine styrmenn,dei som bøtte skadane dine,dine handelsmenn ¬og alle dine krigarar,heile mannskapet ¬som du hadde om bord,søkk i havet ¬den dagen du går under.

28. Når styrmennene skrik ¬i si naud,må beitemarkene skjelva.

29. Alle rorskarar ¬stig ut or sine skip,kvar sjømann, ¬kvar styrmann går i land.

30. Dei set i og ropar høgtog klagar bittert over deg;dei kastar jord på hovudetog velter seg i oska.

31. For di skuld ¬rakar dei seg snaueog bind syrgjeklede om seg.Med sorg i hugen græt deiog klagar bittert over deg.

32. Dei set i med likklageog syng ein syrgjesong ¬over deg:Kven har vorte tagal ¬som Tyrus,der han ligg midt uti sjøen?

33. Når varene dine ¬kom inn frå havet,metta du mange folkeslag.Med alt ditt gods ¬og alle dine varergjorde du kongar på jorda rike.

34. No er du knust ¬og sokken i havet;varene dine ¬og alt ditt mannskaphar gått til grunne med deg.

35. Alle som bur ¬på havsens strender,fæler når dei tenkjer på deg;kongane deira ¬er stive av skrekkog bleike i andletet av redsle.

36. Kjøpmenn i andre land ¬spottar deg.Du har vorte til skrekk og gru;borte er du for alltid.

Esekiel 27