16. Då skal alle fyrstane ved havetstiga ned frå sine troner,leggja bort sine kapperog ta av seg dei fargerike kleda.Dei vert gripne av redsleog set seg på jorda;dei skjelv kvar augneblinkog fæler når dei ser deg.
17. Så set dei i ¬med ein klagesong over deg: Å, at du har gått til grunne,har kvorve frå havet, ¬du lovpriste by!Byen og folket der ¬hadde makta på havet,spreidde redsle blant alle ¬som budde ikring.
18. Strendene skjelv ¬den dagen du fell,øyane i havet vert gripne ¬av redslefordi du fekk slik endelykt.
19. For så seier Herren Gud:Når eg gjer deg til ein herja by,lik byar ¬som det ikkje bur folk i,når eg lèt storhavet stiga,så veldige vassmengder ¬dekkjer deg,
20. då fører eg deg ned ¬med dei som går i grav,ned til folk som levde før.Eg lèt deg bu i landet der nede,som liknar ruinar ¬frå gamle dagar,saman med dei ¬som har gått i grav.Du skal ikkje koma attog få deg ein stad ¬i landet åt dei levande.
21. Eg gjer deg til ei skræmsle,du skal ikkje meir vera til.Folk skal leita, ¬men aldri finna deg meir,lyder ordet frå Herren Gud.