Esekiel 26:12-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Så røvar dei din rikdomog tek dine varer som bytte.Dei bryt ned dine murarog riv dine herlege hus.Steinar, bjelkar og gruskastar dei på sjøen.

13. Då gjer eg slutt ¬på dine ståkande songar,dine lyrer ¬skal ikkje høyrast meir.

14. Eg gjer deg til eit nake berg,du vert ein turkeplass for garn.Aldri skal du byggjast opp att.Eg har tala,lyder ordet frå Herren Gud.

15. Så seier Herren Gud til Tyrus:Sanneleg, havsens strender ¬skal skjelvanår du fell med bulder og brak,når dei som er gjennombora, ¬styn,og mange vert drepne i byen.

16. Då skal alle fyrstane ved havetstiga ned frå sine troner,leggja bort sine kapperog ta av seg dei fargerike kleda.Dei vert gripne av redsleog set seg på jorda;dei skjelv kvar augneblinkog fæler når dei ser deg.

Esekiel 26