1. I det ellevte året, den fyrste dagen i den fyrste månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
2. Menneske, Tyrus har sagt ¬om Jerusalem:«Ha-ha! ¬Folkeporten er sprengd;no er det eg som tek over.Eg vert rik, ¬medan han ligg aud.»
3. Difor seier Herren Gud:Sjå, eg kjem imot deg, Tyrus.Eg fører mange folkeslag ¬mot deg,liksom havet ¬lèt bylgjene velta fram.
4. Dei øydelegg murane ¬kring Tyrusog riv ned tårna der.Eg sopar bort moldjorda i byenog gjer han til eit nake berg.
5. Han skal verta ein turkeplass ¬for garnder han ligg uti havet.For eg har tala, ¬seier Herren Gud.Han skal verta eit bytte ¬for andre folk,
6. og i dotterbyane på fastlandetskal menneska verta drepne ¬med sverd.Dei skal få sanna ¬at eg er Herren.
7. Ja, så seier Herren Gud:Eg lèt Babels konge, ¬Nebukadnesar,han som er konge over kongar,dra mot Tyrus frå nord,med hestar og vogner ¬og ryttararog med ein veldig hær.
8. I dotterbyane dine ¬på fastlandetskal han drepa folket ¬med sverd.Han skal byggja skansar,kasta opp ein voll ikring degog reisa skjoldtak mot deg.
9. Så støyter han stormbukken ¬mot murane dineog bryt tårna ned ¬med brekkjern.
10. Han har så mange hestarat støvet frå dei ¬skal dekkja deg.Larmen av ryttarar og vognhjulskal få murane dine til å skjelvanår han fer inn ¬gjennom portane dine,som ein dreg inn ¬i ein hærteken by.
11. Med hovane av hestane sinetrakkar han ned ¬alle gatene dine.Han drep ditt folk med sverdog styrtar dine sterke søyler ¬til jorda.
12. Så røvar dei din rikdomog tek dine varer som bytte.Dei bryt ned dine murarog riv dine herlege hus.Steinar, bjelkar og gruskastar dei på sjøen.
13. Då gjer eg slutt ¬på dine ståkande songar,dine lyrer ¬skal ikkje høyrast meir.