16. Menneske, sjå, med ein brå død tek eg frå deg den som dine augo har hugnad i. Men du skal ikkje klaga og gråta og ikkje fella tårer.
17. Du skal berre sukka i stilla og ikkje halda syrgjehøgtid. Bind turbanen på deg og ta skor på føtene! Dekk ikkje til skjegget, og et ikkje syrgjebrød!
18. Om morgonen tala eg til folket, og om kvelden døydde kona mi. Morgonen etter gjorde eg som eg var føresagd.
19. Då sa folket til meg: «Vil du ikkje seia oss kvifor du gjer dette?»
20. Eg svara: Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
21. Sei til Israels-ætta: Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil vanhelga heilagdomen min, det stolte vernet som de ser med glede, og som de lengtar etter. Sønene og døtrene dykkar, som de lét vera att, skal falla for sverd.
22. Då skal de gjera som eg har gjort: De skal ikkje dekkja til skjegget og ikkje eta syrgjebrød.