1. Herrens ord kom til meg i det niande året, den tiande dagen i den tiande månaden, og det lydde så:
2. Menneske, skriv opp for deg sjølv namnet på denne dagen. For nett i dag har babylonarkongen gått til åtak på Jerusalem.
3. Fortel ei likning til dette trassige folket og sei til dei: Så seier Herren Gud:Set gryta over! Set henne overog slå vatn oppi!
4. Legg kjøtstykke nedi,berre gode stykke av lår ¬og bog;fyll gryta med utvalde knokar!
5. Ta av dei finaste sauene!Gjer så opp eld under gryta!Du skal koka kjøtstykka ¬i henne,jamvel knokane skal du koka.