35. Difor seier Herren Gud: Fordi du gløymde meg og vende meg ryggen, skal du få lida for di skamlause utukt.
36. Herren sa til meg: Menneske, vil du døma Ohola og Oholiba? Då skal du la dei få vita om all sin styggedom.
37. Dei braut ekteskapet og har blod på hendene. Dei dreiv hor med avgudane sine, og dei borna som dei hadde født åt meg, gav dei til føde for dei.
38. Ja, endå meir har dei gjort mot meg: Dei gjorde heilagdomen min urein og vanhelga kviledagane mine.
39. Når dei hadde slakta borna sine for avgudane, kom dei same dagen inn i min heilagdom og vanhelga han. Sjå, så bar dei seg åt i mitt hus!
40. Ja, dei sende til og med bod etter menn som skulle koma langt bortanfrå. Og då det vart sendt bod etter dei, kom dei som du hadde lauga og sminka og pynta deg for.
41. Du sat på ei briken lege. Eit bord stod duka framføre, og der hadde du sett fram den røykjelse og olje som eg skulle ha.
42. Der inne høyrdest lyden av ei sorglaus mengd. Og til den store mengda av menn kom drikkebrør som vart henta frå øydemarka. Dei gav systrene armband på hendene og eit staseleg diadem på hovudet.
43. Då sa eg om den utlevde skjøkja: «No driv dei sanneleg hor med henne att, ja med henne!»
44. Dei gjekk inn til henne; som ein går til ei utuktig kvinne, så gjekk dei til Ohola og Oholiba, dei skamlause kvinnene.
45. Men rettferdige menn skal døma dei, som ein dømer kvinner som bryt ekteskapet og tek liv. For horkvinner er dei, og det er blod på hendene deira.
46. Så seier Herren Gud: Eg fører fram ein folkeskare mot dei og gjev dei over til mishandling og ran.
47. Folkeskaren skal steina dei og hogga dei ned med sverd. Sønene og døtrene deira skal dei drepa, og husa skal dei brenna.
48. Eg gjer ende på den skamlause utukta i landet. Alle kvinner skal ta lærdom av det og ikkje lenger driva hor som de.