26. Dei riv av deg kleda og tek dine smykke.
27. Såleis gjer eg ende på di skamlause ferd og på det utuktige livet som du tok til med i Egypt. Du skal ikkje sjå etter elskarane dine, og egyptarane skal du ikkje tenkja på meir.
28. For så seier Herren Gud: Sjå, eg gjev deg i hendene på dei du hatar, dei som du vart så inderleg lei av.
29. Dei skal visa sitt hat mot deg og ta frå deg alt du vann med ditt strev. Dei lèt deg liggja naken og berr, så din utuktige kropp vert synleg. Det er ditt skamlause horeliv
30. som har fått slike fylgjer for deg; for du var trulaus og sprang etter andre folk og gjorde deg urein med avgudane deira.
31. Du gjekk på same vegen som syster di; difor lèt eg deg drikka den same skåla som ho.
32. Så seier Herren Gud:Skåla åt syster di skal du tøma,ho er både djup og vid.Då vert du til lått og spott;skåla rømer mykje.
33. Du vert drukken og full av sorg;skåla åt Samaria, syster di,er ei uhyggjeleg skål ¬som øydelegg.
34. Du må drikka henne ut ¬til siste dropen,tyggja på skålbrotaog riva brysta dine sund.Eg har tala,lyder ordet frå Herren Gud.
35. Difor seier Herren Gud: Fordi du gløymde meg og vende meg ryggen, skal du få lida for di skamlause utukt.
36. Herren sa til meg: Menneske, vil du døma Ohola og Oholiba? Då skal du la dei få vita om all sin styggedom.
37. Dei braut ekteskapet og har blod på hendene. Dei dreiv hor med avgudane sine, og dei borna som dei hadde født åt meg, gav dei til føde for dei.
38. Ja, endå meir har dei gjort mot meg: Dei gjorde heilagdomen min urein og vanhelga kviledagane mine.
39. Når dei hadde slakta borna sine for avgudane, kom dei same dagen inn i min heilagdom og vanhelga han. Sjå, så bar dei seg åt i mitt hus!
40. Ja, dei sende til og med bod etter menn som skulle koma langt bortanfrå. Og då det vart sendt bod etter dei, kom dei som du hadde lauga og sminka og pynta deg for.
41. Du sat på ei briken lege. Eit bord stod duka framføre, og der hadde du sett fram den røykjelse og olje som eg skulle ha.
42. Der inne høyrdest lyden av ei sorglaus mengd. Og til den store mengda av menn kom drikkebrør som vart henta frå øydemarka. Dei gav systrene armband på hendene og eit staseleg diadem på hovudet.