Esekiel 23:23-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. babylonarane, alle kaldearane, mennene frå Pekod, Sjoa og Koa, og alle assyrarane saman med dei, staute unge menn, statthaldarar og styresmenn alle saman, stridsmenn på vogner og høgvørde menn, alle til hest.

24. Dei kjem imot deg frå nord med rullande vogner og ei mengd med folk. Store skjold, små skjold og hjelmar retter dei mot deg frå alle kantar. Eg set dei til domarar, og dei skal døma deg etter sine lover.

25. Eg lèt deg få kjenna min brennande vreide, og dei går laus på deg i harme. Nasen og øyro skjer dei av deg, og det som då er att av deg, skal falla for sverd. Sønene og døtrene dine tek dei, og det som enno er att av deg, skal elden øyda.

26. Dei riv av deg kleda og tek dine smykke.

27. Såleis gjer eg ende på di skamlause ferd og på det utuktige livet som du tok til med i Egypt. Du skal ikkje sjå etter elskarane dine, og egyptarane skal du ikkje tenkja på meir.

28. For så seier Herren Gud: Sjå, eg gjev deg i hendene på dei du hatar, dei som du vart så inderleg lei av.

29. Dei skal visa sitt hat mot deg og ta frå deg alt du vann med ditt strev. Dei lèt deg liggja naken og berr, så din utuktige kropp vert synleg. Det er ditt skamlause horeliv

Esekiel 23