Esekiel 22:2-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Du menneske, vil du døma byen som har blodskuld? Då skal du la han få vita om all hans styggedom.

3. Du skal seia: Så seier Herren Gud: Å, for ein by! Du lèt blodet renna i gatene, så di tid må koma, og lagar deg ufysne gudebilete, så du vert urein.

4. Med blodet du lét renna, har du ført skuld over deg, og med gudebileta du laga, har du gjort deg urein. Du har laga det så at dagane dine nærmar seg, at tida kjem då åra dine tek slutt. Difor gjer eg deg til spott og spe for folkeslag, ja for folk i alle land.

5. Både langt borte og nær ved skal folk spotta deg, du som har skjemt ut namnet ditt og er full av rådløyse.

6. Sjå, Israels leiarar som er i deg, by, brukar alle si makt til å renna ut blod.

7. Folket ditt vanvørder far og mor; dei gjer vald mot innflyttarane og er harde med farlause og enkjer.

8. Heilagdomane mine vanvørder du, og kviledagane mine vanhelgar du.

9. Det er folk i deg som baktalar andre og vil ta livet av dei. Dei et offerkjøt på haugane dine og gjer andre skamlause ting.

10. Dei ligg med kona åt far sin og krenkjer kvinner som har si månadstid.

11. Éin gjer skamlause ting med kona åt nesten sin, ein annan skjemmer sonekona si, og den tredje krenkjer syster si, som er dotter til hans eigen far.

12. Somme tek imot pengar for å drepa menneske. Du tek renter og driv åger. Du gjer urett og vald mot nesten din. Men du gløymer meg, lyder ordet frå Herren Gud.

Esekiel 22