Esekiel 22:16-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Beint for augo på folkeslag vert du vanæra for det du har gjort. Då skal du sanna at eg er Herren.

17. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

18. Menneske, for meg har israelittane vorte som slagg. Alle er dei som kopar, tinn, jern og bly i ein smelteomn. Som slagg mellom sølv har dei vorte.

19. Difor seier Herren Gud: Fordi de alle har vorte som slagg, vil eg samla dykk i Jerusalem.

20. Som ein samlar sølv, kopar, jern, bly og tinn i ein smelteomn og så kveikjer opp eld og smeltar det, så vil eg i min vreide og harme samla dykk, leggja dykk i omnen og smelta dykk.

21. Når eg samlar dykk og lèt min vreideeld loga mot dykk, skal de smelta i den.

22. Som sølvet smeltar i omnen, så skal de òg smeltast. Då skal de sanna at eg, Herren, har late min vreide gå ut over dykk.

23. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

24. Menneske, sei til Juda: Du er eit land som ikkje vart reinsa og ikkje fekk regn på vreidedagen.

25. Leiarane dine likna brølande løver som reiv sund det dei hadde fanga. Dei slukte menneske, tok rikdom og dyre skattar og gjorde mange i landet til enkjer.

26. Prestane der gjorde vald på mi lov og vanhelga mine heilagdomar. Dei gjorde ikkje skil på det som er heilagt og det som ikkje er heilagt, og lærte ikkje folk å skilja mellom ureint og reint. Dei lét att augo for kviledagane mine. Såleis vart eg vanhelga midt imellom dei.

27. Stormennene i landet likna ulvar som riv sund sitt bytte. Dei lét blodet renna og tok menneskeliv for urett vinning skuld.

28. Profetane strauk kalk på veggene for dei. Dei hadde falske syner og spådde lygn, når dei sa: «Så seier Herren Gud», endå Herren ikkje hadde tala.

Esekiel 22