Esekiel 20:34-48 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

34. Eg vil føra dykk bort frå folka og samla dykk frå landa der de er spreidde. Det vil eg gjera med sterk hand og strak arm og såleis at min harme får fritt løp.

35. Så fører eg dykk til folkeøydemarka, og der vil eg halda dom over dykk, andlet til andlet.

36. Liksom eg heldt dom over fedrane dykkar i øydemarka ved Egypt, såleis vil eg halda dom over dykk, lyder ordet frå Herren Gud.

37. Eg lèt dykk gå framom under hyrdingstaven og fører dykk inn i ei bindande pakt.

38. Eg skil ut frå dykk dei som er ulydige og reiser seg mot meg. Eg fører dei bort frå det framande landet der dei held til; men til Israels-landet skal dei ikkje få koma. Då skal de sanna at eg er Herren.

39. Men de, israelittar, så seier Herren Gud: Kvar av dykk kan berre gå og dyrka avgudane sine! Men sidan skal de sanneleg høyra på meg og aldri meir vanæra mitt heilage namn med offergåvene og avgudane dykkar.

40. For på mitt heilage fjell, på Israels høge fjell, seier Herren Gud, skal heile Israels-ætta tena meg, alle som er i landet. Der skal eg visa dei godvilje. Eg vil spørja etter offergåvene dykkar og etter fyrstegrøda som de ber fram, alt det de vier til Herren.

41. For den gode offerangen skuld vil eg syna dykk godvilje når eg fører dykk bort frå folka og samlar dykk frå landa der de no er spreidde, og midt imellom dykk, for augo på dei andre folka, viser kor heilag eg er.

42. De skal sanna at eg er Herren, når eg fører dykk til Israels land, det landet som eg med lyft hand lova å gje fedrane dykkar.

43. Der skal de minnast åtferda dykkar, alt de gjorde dykk ureine med. Og de skal kjenna avsky for dykk sjølve fordi de gjorde så mykje vondt.

44. De skal sanna at eg er Herren, når eg for mitt namn skuld handlar så med dykk og ikkje som de hadde fortent, Israels ætt, etter dykkar vonde ferd og skamlause gjerningar, lyder ordet frå Herren Gud.

45. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

46. Menneske, vend deg sørover, rett di forkynning mot sør og tal profetord mot skogen der i landet!

47. Sei til skogen i sør: Høyr Herrens ord! Så seier Herren Gud: Eg set eld på deg, og han skal svi av kvart tre i deg, både dei friske og dei turre. Den logande elden skal ikkje slokna, men skambrenna kvart andlet frå sør til nord.

48. Alle menneske skal sjå at det er eg, Herren, som har kveikt elden, og han skal ikkje slokna.

Esekiel 20