25. Difor gav eg dei føreskrifter som ikkje var gode, og lover som dei ikkje kunne leva ved.
26. Eg lét dei verta ureine ved offergåvene sine, når dei lét alle dei fyrstefødde gå gjennom elden. Det gjorde eg for å setja støkk i dei, så dei skulle skjøna at eg er Herren.
27. Difor, menneske, skal du tala til Israels-ætta og seia til dei: Så seier Herren Gud: Fedrane dykkar spotta meg, trulause som dei var mot meg.
28. Eg førte dei likevel inn i det landet som eg med lyft hand hadde lova å gje dei. Men så snart dei såg ein høg haug eller eit lauvrikt tre, ofra dei sine slaktoffer der og bar fram sine gåver, som vekte min harme. Dit kom dei med offer som anga godt, og der rende dei ut sine drikkoffer.
29. Då spurde eg dei: «Kva er det med den offerhaugen som de går til?» – Det heiter offerhaug den dag i dag.
30. Difor skal du seia til Israels-ætta: Så seier Herren Gud: Vil de gjera dykk ureine på same måten som fedrane dykkar og i utruskap springa etter dei avskyelege gudane deira?
31. Når de kjem med gåver og lèt borna dykkar gå gjennom elden, vert de enno i dag ureine ved alle avgudane dykkar. Og så skulle de få spørja meg til råds, de israelittar! Så sant eg lever, seier Herren Gud, eg lèt dykk ikkje spørja meg til råds.
32. Det skal aldri henda, det som leikar i hugen dykkar, når de seier: «Vi vil vera som andre folk, som ættene rundt ikring i landa, og dyrka stokk og stein.»
33. Så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg vil rå over dykk med sterk hand og strak arm og såleis at min harme får fritt løp.
34. Eg vil føra dykk bort frå folka og samla dykk frå landa der de er spreidde. Det vil eg gjera med sterk hand og strak arm og såleis at min harme får fritt løp.
35. Så fører eg dykk til folkeøydemarka, og der vil eg halda dom over dykk, andlet til andlet.
36. Liksom eg heldt dom over fedrane dykkar i øydemarka ved Egypt, såleis vil eg halda dom over dykk, lyder ordet frå Herren Gud.
37. Eg lèt dykk gå framom under hyrdingstaven og fører dykk inn i ei bindande pakt.
38. Eg skil ut frå dykk dei som er ulydige og reiser seg mot meg. Eg fører dei bort frå det framande landet der dei held til; men til Israels-landet skal dei ikkje få koma. Då skal de sanna at eg er Herren.
39. Men de, israelittar, så seier Herren Gud: Kvar av dykk kan berre gå og dyrka avgudane sine! Men sidan skal de sanneleg høyra på meg og aldri meir vanæra mitt heilage namn med offergåvene og avgudane dykkar.
40. For på mitt heilage fjell, på Israels høge fjell, seier Herren Gud, skal heile Israels-ætta tena meg, alle som er i landet. Der skal eg visa dei godvilje. Eg vil spørja etter offergåvene dykkar og etter fyrstegrøda som de ber fram, alt det de vier til Herren.
41. For den gode offerangen skuld vil eg syna dykk godvilje når eg fører dykk bort frå folka og samlar dykk frå landa der de no er spreidde, og midt imellom dykk, for augo på dei andre folka, viser kor heilag eg er.
42. De skal sanna at eg er Herren, når eg fører dykk til Israels land, det landet som eg med lyft hand lova å gje fedrane dykkar.
43. Der skal de minnast åtferda dykkar, alt de gjorde dykk ureine med. Og de skal kjenna avsky for dykk sjølve fordi de gjorde så mykje vondt.
44. De skal sanna at eg er Herren, når eg for mitt namn skuld handlar så med dykk og ikkje som de hadde fortent, Israels ætt, etter dykkar vonde ferd og skamlause gjerningar, lyder ordet frå Herren Gud.