10. Så lét eg dei fara frå Egypt og førte dei ut i øydemarka.
11. Eg gav dei mine føreskrifter og kunngjorde mine lover for dei. Det mennesket som held dei, skal leva.
12. Kviledagane mine gav eg dei òg; dei skulle vera teikn på pakta mellom meg og folket. Såleis skulle dei vita at eg er Herren, som helgar dei.
13. Men Israels-ætta var trassig mot meg i øydemarka. Dei fylgde ikkje mine føreskrifter og vanvørde mine lover – endå det mennesket som held dei, får leva; og atter og atter vanhelga dei kviledagane mine. Då sa eg at eg ville la min harme gå ut over dei i øydemarka og gjera ende på dei.
14. Eg greip inn for mitt namn skuld, så det ikkje skulle verta vanæra for augo på dei folka som var vitne til at eg førte israelittane ut.
15. Då lyfte eg handa der ute i øydemarka og svor at eg ikkje ville føra dei inn i det landet eg hadde gjeve dei, landet som fløymer med mjølk og honning, det herlegaste av alle land.
16. For dei vanvørde lovene mine og fylgde ikkje føreskriftene mine. Kviledagane mine vanhelga dei; for i sitt hjarta heldt dei seg til avgudane sine.
17. Likevel hadde eg medkjensle med dei og rudde dei ikkje ut. Eg gjorde ikkje ende på dei i øydemarka.
18. Sidan sa eg til sønene deira i øydemarka: «Fylg ikkje føreskriftene åt fedrane dykkar, hald ikkje lovene deira, og gjer dykk ikkje ureine med avgudane deira!
19. Eg er Herren dykkar Gud. Fylg mine føreskrifter, ta vare på mine lover og lev etter dei!
20. Hald kviledagane mine heilage! Dei skal vera eit teikn på pakta mellom meg og dykk, så de kan vita at eg er Herren dykkar Gud.»
21. Men sønene var trassige mot meg. Dei fylgde ikkje mine føreskrifter og heldt ikkje mine lover, endå det mennesket som held dei, får leva; og kviledagane mine vanhelga dei. Då sa eg at eg ville la min harme gå ut over dei og stilla min vreide på dei i øydemarka.
22. Men eg heldt att mi straffande hand. Eg greip inn for mitt namn skuld, så det ikkje skulle verta vanæra mellom folka som hadde vore vitne til at eg førte israelittane ut.
23. Så lyfte eg handa der i øydemarka og lova at eg ville spreia dei mellom folkeslaga og strøya dei ut i landa.
24. For dei levde ikkje etter lovene mine, men vanvørde føreskriftene mine og vanhelga kviledagane mine, og augo deira hang ved avgudane åt fedrane.
25. Difor gav eg dei føreskrifter som ikkje var gode, og lover som dei ikkje kunne leva ved.
26. Eg lét dei verta ureine ved offergåvene sine, når dei lét alle dei fyrstefødde gå gjennom elden. Det gjorde eg for å setja støkk i dei, så dei skulle skjøna at eg er Herren.
27. Difor, menneske, skal du tala til Israels-ætta og seia til dei: Så seier Herren Gud: Fedrane dykkar spotta meg, trulause som dei var mot meg.
28. Eg førte dei likevel inn i det landet som eg med lyft hand hadde lova å gje dei. Men så snart dei såg ein høg haug eller eit lauvrikt tre, ofra dei sine slaktoffer der og bar fram sine gåver, som vekte min harme. Dit kom dei med offer som anga godt, og der rende dei ut sine drikkoffer.