1. Han sa til meg: «Menneske! Reis deg opp på føtene, så vil eg tala med deg.»
2. Med det same han tala til meg, kom det ånd i meg, og ho reiste meg opp, så eg stod. Og eg høyrde på han som tala til meg.
3. Han sa til meg: «Menneske, eg sender deg til israelittane, dette opprørske folket som har reist seg imot meg. Både dei og fedrane deira har vore trulause mot meg heilt til denne dag.
4. Til desse menneska med frekk mine og harde hjarto sender eg deg, og du skal seia til dei: Så seier Herren Gud.
5. Og anten dei vil høyra eller ikkje – for ei trassig ætt er dei – så skal dei skjøna at ein profet har vore midt imellom dei.