Esekiel 19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Klagesong over dei siste kongane i Juda

1. Du skal setja i med ein klagesong over leiarane i Israel

2. og seia: Kva var mor di?Ei løvinne mellom løver;mellom ungløver låg ho ¬og fostra sine ungar.

3. Ein av ungane alte ho opp,og han vart ei retteleg ungløve.Han lærte å gå på rov,han åt opp menneske.

4. Folkeslag fekk høyra om han,og han vart fanga ¬i deira fallgrav.Dei sette naseringar på hanog førte han til Egypt.

5. Då løvinna såg ¬at ho venta til fåfengs,at all hennar von var ute,då tok ho ein annan ¬av ungane sineog gjorde han til ei ungløve.

6. Han gjekk der ¬mellom løvinnene,og det vart ei ungløve av han.Han lærte å gå på rov,han åt opp menneske.

7. Han skadde borgeneog la byane i øyde.Landet og alt som fanst der,stivna av redsle ¬når dei høyrde han brøla.

8. Folk frå landa rundt ikringsette då ut sine garn.Dei strekte dei ut over hanog fanga han i si fallgrav.

9. Dei sette han i bur,hadde naseringar på hanog førte han ¬til kongen i Babylon.Der sette dei han ¬i ei sterk festning,så ingen skulle høyra ¬brøla hans meirover Israels-fjella.

10. Mor di var eit vintre i hagen,planta attmed vatn.Treet bar frukt ¬og fekk mange greiner,fordi det hadde ¬rikeleg med væte.

11. Greinene vart så sterkeat dei kunne brukast ¬til styrarstavar.Høgt voks det opp mot skyene,lett synleg fordi det var så høgtog hadde så mange greiner.

12. Men treet vart rive opp ¬– i harme –og kasta til jorda.Austavinden turka ut frukta;jamvel dei sterke greinenevart rivne av og visna,og elden gjorde ende på dei.

13. No er det planta i øydemarka,i det turre, tyrstande landet.

14. Eld gjekk ut frå ei grein ¬på treetog øydde kvistene og frukta.Det har ikkje meir ¬noka sterk greinsom kan vera styrarstav. Dette skulle vera ein klagesong; og ein klagesong har det vorte.