Esekiel 18:20-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Den som syndar, han skal døy. Men ein son skal ikkje bera skulda åt faren, og ein far skal ikkje bera skulda åt sonen. Den som gjer rett, skal få att for si rettferd, og den som gjer vondt, skal råkast av sin vondskap.

21. Når ein syndar vender om frå alle syndene sine, når han held alle mine føreskrifter og gjer rett og rettferd, då skal han ikkje døy, men leva.

22. Alle misgjerningane hans skal vera gløymde. Han skal leva fordi han har gjort rett.

23. Skulle eg ha hugnad i at den gudlause døyr? seier Herren Gud. Nei, eg vil at han skal venda om frå si ferd og leva.

24. Men når ein rettferdig vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, allslags styggedom som dei gudlause gjer, skulle han då få leva? Alle dei rettferdige gjerningar han har gjort, skal vera gløymde. Han skal døy fordi han var trulaus og synda.

25. No vil de kanskje seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Høyr då, Israels ætt! Går eg ikkje fram på rett vis? Det er de som ikkje gjer rett.

26. Når ein rettferdig vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, skal han døy på grunn av det. For den uretten han har gjort, skal han døy.

27. Men når den gudlause vender om frå sin vondskap og gjer rett og rettferd, då skal han berga livet.

28. Han såg alle syndene han hadde gjort, og vende om frå dei. Difor skal han ikkje døy, men leva.

29. Atter vil israelittane seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Går eg ikkje fram på rett vis, israelittar? Det er de som ikkje gjer rett.

30. Difor vil eg døma dykk, Israels ætt, så kvar og ein får att etter det han har gjort, lyder ordet frå Herren Gud. Vend om, vend om frå alle dykkar brot, så inga skuld skal fella dykk.

31. Hald opp med alle dei brot som de gjer dykk skuldige i, og få dykk eit nytt hjarta og ei ny ånd! Kvifor vil de døy, de israelittar?

Esekiel 18