Esekiel 18:18-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Men far hans, som gjorde valdsverk, som rana og røva frå nesten sin og gjorde det som vondt er midt imellom landsmennene sine, han må døy for si synd og skuld.

19. De vil kanskje spørja: «Kvifor skal ikkje sonen bera skulda åt faren?» Jau, sonen har gjort rett og rettferd; han har halde mine føreskrifter og levt etter dei. Difor skal han få leva.

20. Den som syndar, han skal døy. Men ein son skal ikkje bera skulda åt faren, og ein far skal ikkje bera skulda åt sonen. Den som gjer rett, skal få att for si rettferd, og den som gjer vondt, skal råkast av sin vondskap.

21. Når ein syndar vender om frå alle syndene sine, når han held alle mine føreskrifter og gjer rett og rettferd, då skal han ikkje døy, men leva.

22. Alle misgjerningane hans skal vera gløymde. Han skal leva fordi han har gjort rett.

Esekiel 18