Esekiel 18:14-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Men så kan det henda at han får ein son som ser alle syndene faren har gjort, og lèt seg skræma av det, så han ikkje gjer det same.

15. Han et ikkje offerkjøt på haugane, lyfter ikkje augo til avgudane som Israels-ætta dyrkar, og krenkjer ikkje kona åt nesten sin.

16. Han er ikkje hard med nokon, tek ikkje pant og ranar og røvar ikkje, men gjev den svoltne brød og den nakne klede.

17. Han legg ikkje hand på ein stakkar og tek ikkje renter og driv ikkje åger, men lever etter mine lover og fylgjer mine føreskrifter. Han skal ikkje døy fordi far hans har synda. Nei, han skal sanneleg leva.

18. Men far hans, som gjorde valdsverk, som rana og røva frå nesten sin og gjorde det som vondt er midt imellom landsmennene sine, han må døy for si synd og skuld.

19. De vil kanskje spørja: «Kvifor skal ikkje sonen bera skulda åt faren?» Jau, sonen har gjort rett og rettferd; han har halde mine føreskrifter og levt etter dei. Difor skal han få leva.

20. Den som syndar, han skal døy. Men ein son skal ikkje bera skulda åt faren, og ein far skal ikkje bera skulda åt sonen. Den som gjer rett, skal få att for si rettferd, og den som gjer vondt, skal råkast av sin vondskap.

21. Når ein syndar vender om frå alle syndene sine, når han held alle mine føreskrifter og gjer rett og rettferd, då skal han ikkje døy, men leva.

22. Alle misgjerningane hans skal vera gløymde. Han skal leva fordi han har gjort rett.

23. Skulle eg ha hugnad i at den gudlause døyr? seier Herren Gud. Nei, eg vil at han skal venda om frå si ferd og leva.

Esekiel 18