15. Men kongen gjorde opprør mot han og sende sendemenn til Egypt; dei skulle få tak i hestar og mykje folk til han. Vil dette lukkast? Kan den som gjer slikt, sleppa unna? Kan han bryta pakta og sleppa frå det?
16. Så sant eg lever, seier Herren Gud: Fordi han vanvørde eiden han gav den kongen som gjorde han til konge, og braut pakta med han, difor skal han døy hjå kongen i Babylonia.
17. Og farao vil ikkje koma med ein stor hær og mykje folk og hjelpa han i striden, når fienden kastar opp ein voll og byggjer kringsetjingstårn for å rydja ut mange menneske.
18. Han vanvørde eiden og braut pakta, og alt dette gjorde han endå han hadde gjeve handslag. Nei, han skal ikkje sleppa unna.
19. Så seier Herren Gud: Så sant eg lever: Eg skal sanneleg gje han att fordi han vanvørde eiden i mitt namn og braut pakta med meg.
20. Eg strekkjer ut garnet mitt over han og fangar han i nettet. Så fører eg han til Babylonia og held dom over han der, fordi han var trulaus mot meg.
21. Alle utvalde menn i alle fylkingane hans skal falla for sverd, og dei som vert att, skal spreiast for alle vindar. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala.
22. Så seier Herren Gud: Eg tek sjølv ein kvistav toppen på ein høg seder,frå dei øvste greineneriv eg eit fint skotog plantar det på eit høgt ¬og mektig fjell;
23. eg plantar det ¬på Israels høge fjell.Det skal få greiner ¬og bera fruktog verta ein briken seder.Alle slag fuglar skal bu i det,alt som har venger, ¬skal halda tili skuggen av greinene på det.
24. Då skal alle tre på markasanna at eg er Herren.Det høge treet gjer eg lågt,og det låge gjer eg høgt.Det friske treet lèt eg turka,og det turre lèt eg veksa.Eg, Herren, har tala ¬og vil la det henda.