Esekiel 17:11-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

12. Sei til denne trassige ætta: Skjønar de ikkje kva dette tyder? Du skal seia: Babylonarkongen kom til Jerusalem, tok kongen og hovdingane i byen og førte dei med seg til Babylonia.

13. Han tok ein ætling av kongehuset, gjorde pakt med han og lét han gjera eid. Så tok han stormennene i landet med seg.

14. Han ville at riket skulle haldast nede og ikkje reisa seg meir, men halda pakta med han, så ho kunne stå ved lag.

15. Men kongen gjorde opprør mot han og sende sendemenn til Egypt; dei skulle få tak i hestar og mykje folk til han. Vil dette lukkast? Kan den som gjer slikt, sleppa unna? Kan han bryta pakta og sleppa frå det?

16. Så sant eg lever, seier Herren Gud: Fordi han vanvørde eiden han gav den kongen som gjorde han til konge, og braut pakta med han, difor skal han døy hjå kongen i Babylonia.

17. Og farao vil ikkje koma med ein stor hær og mykje folk og hjelpa han i striden, når fienden kastar opp ein voll og byggjer kringsetjingstårn for å rydja ut mange menneske.

18. Han vanvørde eiden og braut pakta, og alt dette gjorde han endå han hadde gjeve handslag. Nei, han skal ikkje sleppa unna.

19. Så seier Herren Gud: Så sant eg lever: Eg skal sanneleg gje han att fordi han vanvørde eiden i mitt namn og braut pakta med meg.

Esekiel 17