1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2. Menneske, set fram ei gåte for Israels-ætta, fortel dei ei likning
3. og sei: Så seier Herren Gud:Den store ørna ¬med store vengerog lange vengefjører,med tett og mangleta fjørham,kom til Libanon.Ho tok toppen av sederen,
4. braut av den øvste greina,førte henne til kræmarlandetog sette henne i handelsbyen.
5. Så tok ho ei plante ¬som voks i landet,og sette henne i god jord,planta henne som ei seljeein stad der det var rikeleg ¬med vatn.
6. Ho voks og vart til eit vintre,som var grønt, men lågt,så rankene bøygde seg ¬mot ørnaog røtene voks inn ¬under henne.Så vart ho til eit vintre ¬som fekk greinerog strekte ut sine kvister.
7. Men det var ei anna ørnmed store venger ¬og tett fjørham.No tøygde vintreet sine røterbort imot denne ørnaog bøygde greinene ¬mot henne,så ho skulle gje det meir vatnenn jordstykket ¬som det var planta i.
8. Treet var planta i god jordog hadde rikeleg med vatn,så det kunne få greiner ¬og bera fruktog verta eit framifrå vintre.
9. Du skal seia:Så seier Herren Gud:Kjem vintreet til å trivast?Vert ikkje røtene rivne oppog treet snøytt for frukt?Alle friske renningar ¬skal turka,og då trengst det ingen ¬sterk armog ikkje mange mennesketil å riva det opp med rot.
10. No er det planta.Men vil det trivast?Vil det ikkje berre turkanår austavinden når det,turka i den jord det veks?
11. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: