1. Nokre av Israels eldste kom til meg og sette seg framfor meg.
2. Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
3. Menneske, desse mennene har gjeve avgudane rom i hjarta sitt. Dei ser med glede på slikt som får dei til å falla i synd. Skulle eg då la dei søkja råd hjå meg?
4. Difor skal du tala til dei og seia: Så seier Herren Gud: Det kan henda at ein mann av Israels ætt gjev avgudane rom i hjarta sitt og vender hugen mot det som får han til å falla i synd. Kjem han så til profeten, då vil eg, Herren, sjølv svara han fordi han har så mange gudar.
5. Eg vil gripa Israels-ætta om hjarta, fordi dei har vendt seg bort frå meg og dyrka avgudane sine.
6. Difor skal du seia til Israels-ætta: Så seier Herren Gud: Vend om! Vend dykk bort frå avgudane og frå all den andre styggedomen dykkar!
7. For kvar mann av Israels ætt og kvar innflyttar i Israel som skil seg frå meg og gjev avgudane rom i hjarta sitt, kvar den som vender hugen mot det som får han til å falla i synd, og så kjem til profeten og bed han søkja råd hjå meg, han vil eg, Herren, sjølv svara.
8. Den mannen vil eg venda meg imot og gjera til eit teikn og eit ordtak. Eg vil rydja han ut or folket mitt. Då skal de sanna at eg er Herren.
9. Men lèt profeten seg lokka til å seia eit ord, då er det eg, Herren, som har lokka profeten. Eg vil retta handa mot han og rydja han ut or Israel, folket mitt.
10. Då må begge bera skulda, både profeten og han som spør.