13. Difor seier Herren Gud: I min harme lèt eg eit stormver bryta laus; i min vreide sender eg eit sterkt skyljeregn, og i min harme lèt eg haglsteinar øydeleggja.
14. Eg riv ned veggen som de strauk kalk på, og jamnar han med jorda, så grunnvollen ligg berr. Når byen fell, skal de setja livet til der inne. Og de skal sanna at eg er Herren.
15. Eg lèt all min harme gå ut over veggen og over dei som strauk kalk på han. Då skal eg seia til dykk: «Borte er veggen, og borte er dei som strauk kalk på han,
16. profetane i Israel som spådde om Jerusalem og hadde syner om fred for byen, endå det ikkje var nokon fred,» lyder ordet frå Herren Gud.
17. Og du, menneske, vend deg mot dei kvinnene i folket ditt som spår ut frå sin eigen hug. Tal profetord mot dei
18. og sei: Så seier Herren Gud: Ve dei kvinnene som syr bind til alle handleder og lagar slør til hovuda, alt etter kor store dei er, for å få folk i si makt. De driv jakt på menneskeliv i folket mitt og held menneske i live til eiga vinning.
19. De vanhelgar meg hjå folket mitt for nokre nevar bygg og nokre bitar brød, når de drep menneske som ikkje skulle døy, og bergar livet åt andre som ikkje skulle leva. Såleis lyg de for folket mitt, som gjerne høyrer på lygn.
20. Difor seier Herren Gud: No vil eg ha tak i dei binda som de fangar menneske med, liksom ein fangar fuglar. Eg riv dei av armane dykkar og friar ut dei menneska de har fanga som fuglar.
21. Så riv eg sund sløra dykkar og bergar folket mitt ut or hendene dykkar. Dei skal aldri meir verta jaktbytte og koma i dykkar vald. Då skal de sanna at eg er Herren.
22. Med lygn og svik tek de motet frå ein rettferdig mann, endå eg ikkje har valda han sorg. Men den gudlause stør de, for at han ikkje skal venda om frå si vonde ferd, så eg kan la han leva.
23. Difor skal de ikkje lenger ha tome syner og ikkje driva med spådom. Eg vil berga folket mitt ut or hendene dykkar. Då skal de sanna at eg er Herren.