Esekiel 13:11-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Sei til kalkstrykarane at veggen skal ramla ned. Det skal koma eit sterkt skyljeregn. Eg lèt haglsteinar falla og eit stormver bryta laus.

12. Når så veggen er fallen, vil dei nok seia til dykk: «Kvar vart det av kalken som de strauk på?»

13. Difor seier Herren Gud: I min harme lèt eg eit stormver bryta laus; i min vreide sender eg eit sterkt skyljeregn, og i min harme lèt eg haglsteinar øydeleggja.

14. Eg riv ned veggen som de strauk kalk på, og jamnar han med jorda, så grunnvollen ligg berr. Når byen fell, skal de setja livet til der inne. Og de skal sanna at eg er Herren.

15. Eg lèt all min harme gå ut over veggen og over dei som strauk kalk på han. Då skal eg seia til dykk: «Borte er veggen, og borte er dei som strauk kalk på han,

16. profetane i Israel som spådde om Jerusalem og hadde syner om fred for byen, endå det ikkje var nokon fred,» lyder ordet frå Herren Gud.

17. Og du, menneske, vend deg mot dei kvinnene i folket ditt som spår ut frå sin eigen hug. Tal profetord mot dei

18. og sei: Så seier Herren Gud: Ve dei kvinnene som syr bind til alle handleder og lagar slør til hovuda, alt etter kor store dei er, for å få folk i si makt. De driv jakt på menneskeliv i folket mitt og held menneske i live til eiga vinning.

Esekiel 13