Esekiel 12:21-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

22. Menneske! Kva er det for eit ordtak de har i Israels land? De seier: «Dagane går, og alle syner slår feil.»

23. No skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: Eg vil gjera ende på dette ordtaket, så dei ikkje skal bruka det meir i Israel. Ja, du skal seia til dei at tida er nær då alt som er openberra i syner, skal oppfyllast.

24. For ingen skal ha svikefulle syner meir eller koma med falske spådomar i Israels ætt.

25. Det er eg, Herren, som talar; og det ordet eg talar, skal setjast i verk. Det skal ikkje setjast ut lenger. For enno medan de er i live, de som høyrer den trassige ætta til, talar eg mitt ord og set det i verk, lyder ordet frå Herren Gud.

26. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

27. Menneske! Israels-ætta seier: «Det synet han har, gjeld langt fram i tida; det er fjerne tider han spår om.»

28. Difor skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: Det eg har sagt, skal ikkje setjast ut lenger. Når eg talar eit ord, skal det setjast i verk, lyder ordet frå Herren Gud.

Esekiel 12