Esekiel 12:12-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Fyrsten som er hjå dei, skal ta tinga sine på aksla og dra bort når det vert mørkt. Dei skal bryta hol i muren og føra han ut gjennom det. Andletet skal han dekkja til, så han ikkje kan sjå landet med sine augo.

13. Men eg vil strekkja ut garnet mitt og fanga han i nettet. Så fører eg han til Babylon i Kaldearlandet, men det får han ikkje sjå. Der skal han døy.

14. Alle som er i lag med han, både medhjelparane og alle hans fylkingar, vil eg spreia for alle vindar og forfylgja med drege sverd.

15. Då skal dei sanna at eg er Herren, når eg spreier dei mellom folkeslaga og strøyer dei ut i landa.

16. Berre nokre få av dei lèt eg sleppa frå sverd og svolt og pest. Og mellom folka som dei kjem til, skal dei fortelja om all den styggedomen dei har vore med på. Då skal dei sanna at eg er Herren.

17. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

18. Menneske! Brødet ditt skal du eta skjelvande, og vatn skal du drikka med otte og age.

19. Og du skal seia til folket i landet: Så seier Herren Gud om dei som bur i Jerusalem i Israels land: Dei skal eta brødet sitt med otte og drikka vatn med redsle. Landet deira og alt som er i det, skal verta uhyggjeleg audt, fordi alle som bur der, har gjort urett.

20. Byane som det no bur folk i, skal leggjast i øyde, og landet skal verta ei audn. Då skal de sanna at eg er Herren.

21. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

22. Menneske! Kva er det for eit ordtak de har i Israels land? De seier: «Dagane går, og alle syner slår feil.»

23. No skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: Eg vil gjera ende på dette ordtaket, så dei ikkje skal bruka det meir i Israel. Ja, du skal seia til dei at tida er nær då alt som er openberra i syner, skal oppfyllast.

24. For ingen skal ha svikefulle syner meir eller koma med falske spådomar i Israels ætt.

25. Det er eg, Herren, som talar; og det ordet eg talar, skal setjast i verk. Det skal ikkje setjast ut lenger. For enno medan de er i live, de som høyrer den trassige ætta til, talar eg mitt ord og set det i verk, lyder ordet frå Herren Gud.

26. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

Esekiel 12