11. Byen skal ikkje vera ei gryte for dykk, og de skal ikkje vera kjøtet i den. Ved Israels grense vil eg døma dykk.
12. Då skal de sanna at eg er Herren. De fylgde ikkje mine føreskrifter og heldt ikkje mine lover, men levde etter lovene åt dei folka som bur ikring dykk.
13. Medan eg tala profetord, døydde Pelatja, son til Benaja. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda og ropa med høg røyst: «Å, Herre Gud, vil du gjera ende på det som er att av Israel?»
14. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
15. Menneske! Brørne dine, dei mennene som er bortførte saman med deg, heile denne ætta av Israel, om dei seier folket i Jerusalem: «Dei er langt borte frå Herren. Vi har fått landet i eige.»
16. Difor skal du seia: Så seier Herren Gud: Då eg førte dei langt bort, mellom folkeslaga, og spreidde dei i landa, vart eg berre i liten mon ein heilagdom for dei i landa dei kom til.
17. Difor skal du seia: Så seier Herren Gud: Eg vil samla dykk ute mellom folka, føra dykk saman frå dei landa de er spreidde i, og gje dykk Israels land.
18. Når dei kjem dit, skal dei ta bort alle avskyelege gudebilete og all den styggedom som finst der.
19. Då vil eg gje dei eit nytt hjarta og la dei få ei ny ånd. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen deira og gje dei eit kjøthjarta i staden.
20. Så skal dei fylgja mine føreskrifter og ta vare på mine lover og leva etter dei. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud.
21. Men dei som i hjarta fylgjer dei avskyelege gudane sine og all den andre styggedomen, dei gjev eg att for det dei har gjort, lyder ordet frå Herren Gud.
22. Då lyfte kjerubane vengene sine, og hjula fylgde med. Høgt oppover dei trona herlegdomen åt Israels Gud.
23. No steig Herrens herlegdom opp frå byen og stogga på det fjellet som ligg austanfor byen.
24. Ånda lyfte meg opp og tok meg med til dei bortførte i Kaldea. Dette hende ved Guds Ande, i eit syn. Så vart det borte for meg, det synet eg hadde hatt.