Esekiel 10:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Brått fekk eg sjå at det på kvelven over hovuda på kjerubane var noko som likna ein safirstein; noko som likna ein tronstol, var synleg over dei.

2. Då sa Herren til mannen som var kledd i lin: «Gå inn i hjulverket, under kjerubane! Ta hendene fulle av glørne som ligg mellom kjerubane, og strøy dei ut over byen!» Og han gjekk inn medan eg såg på.

3. Kjerubane stod på sørsida av templet då mannen gjekk inn, og skya fylte den indre føregarden.

4. Då lyfte Herrens herlegdom seg frå kjerubane og flytte seg bort til dørstokken i templet. Skya fylte huset, og glansen av Herrens herlegdom fylte føregarden.

5. Susen av kjerubvengene høyrdest heilt ut i den ytre føregarden, som røysta åt Gud Den Allmektige når han talar.

6. Då mannen som var kledd i lin, vart beden om å henta eld under hjulverket, mellom kjerubane, gjekk han inn og stod attmed det eine hjulet.

7. Ein kjerub rette ut handa mot elden som var mellom kjerubane, tok opp noko av han og la i hendene på mannen med linkleda. Han tok elden og gjekk ut.

8. Under vengene på kjerubane kunne ein sjå noko som likna ei menneskehand.

9. Så fekk eg sjå at det stod fire hjul attmed kjerubane, eitt ved kvar kjerub; og hjula såg ut som krysolitt.

10. Alle fire var like å sjå til, og det var som om det eine hjulet var inni det andre.

Esekiel 10