9. Dei nådde bortåt kvarandre med vengene. Dei snudde seg ikkje når dei gjekk, men kvar av dei gjekk beint fram.
10. Såleis såg andleta deira ut: Dei hadde menneskeandlet framme, og alle fire hadde løveandlet på høgre sida, okseandlet på venstre sida og ørneandlet bak.
11. Det øvste vengeparet var utspent såleis at den eine skapningen nådde bortåt den andre, og med dei to andre vengene løynde dei kroppen.
12. Kvar av dei gjekk beint fram. Dei gjekk dit ånda ville, og snudde seg ikkje når dei gjekk.
13. Skapningane såg ut som brennande kol og som faklar. Elden fór att og fram mellom skapningane. Det stråla av han, og det gjekk lyn ut frå han.
14. Skapningane fór att og fram og var som lyn å sjå til.
15. Medan eg såg på skapningane, sjå, då var det eit hjul på jorda attmed alle fire.
16. Hjula såg ut som om dei var laga av noko som likna krysolitt, og alle fire var eins på skap. Det såg ut som dei var laga såleis at det eine hjulet var inni det andre.
17. Dei gjekk til alle fire sidene, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk.
18. Hjulringane var høge og skræmelege, og det var fullt av augo rundt ikring på alle fire hjula.
19. Når skapningane gjekk, gjekk hjula attmed dei, og når skapningane lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg òg.
20. Dei gjekk nett dit ånda ville. Og hjula lyfte seg saman med dei, for ånda åt skapningane var i hjula.
21. Dei gjekk når skapningane gjekk, og stod når dei stod. Og når dei lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg saman med dei; for ånda åt skapningane var i hjula.
22. Over hovuda på skapningane var det noko som likna ein kvelv. Det var som krystall, skræmeleg å sjå til, utspent høgt over hovuda på dei.
23. Under kvelven rette vengene seg ut, så dei nådde bortåt kvarandre. Kvar skapning hadde òg to venger som dei løynde kroppen med.
24. Når dei gjekk, høyrde eg lyden av vengene deira. Det var som duren av store vassmengder, som røysta åt Den Allmektige, som ståket frå ein leir. Men når dei stogga, lét dei vengene siga.
25. Det lydde eit drøn over kvelven som var over hovudet deira. Men når dei stogga, lét dei vengene siga.