20. Dei gjekk nett dit ånda ville. Og hjula lyfte seg saman med dei, for ånda åt skapningane var i hjula.
21. Dei gjekk når skapningane gjekk, og stod når dei stod. Og når dei lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg saman med dei; for ånda åt skapningane var i hjula.
22. Over hovuda på skapningane var det noko som likna ein kvelv. Det var som krystall, skræmeleg å sjå til, utspent høgt over hovuda på dei.
23. Under kvelven rette vengene seg ut, så dei nådde bortåt kvarandre. Kvar skapning hadde òg to venger som dei løynde kroppen med.
24. Når dei gjekk, høyrde eg lyden av vengene deira. Det var som duren av store vassmengder, som røysta åt Den Allmektige, som ståket frå ein leir. Men når dei stogga, lét dei vengene siga.
25. Det lydde eit drøn over kvelven som var over hovudet deira. Men når dei stogga, lét dei vengene siga.
26. Høgt oppe over denne kvelven var det noko som likna safirstein. Det var på skap som ein tronstol, og på denne stolen sat det ein skapnad; han var som eit menneske å sjå til.
27. Frå det som syntest å vera hoftene hans, og oppover, såg eg noko som likna skinande metall; det var som eld med ein ring ikring. Frå det som syntest å vera hoftene, og nedover, såg eg noko som likna eld, med ein strålande glans rundt ikring.
28. Synet av glansen var som synet av regnbogen når han viser seg i skya ein regnversdag. Såleis var synet av Herrens herlegdom. Då eg såg det, fall eg ned med andletet mot jorda. Og eg høyrde røysta åt ein som tala.