1. I det trettiande året, den femte dagen i den fjerde månaden, medan eg var mellom dei bortførte attmed Kebar-elva, hende det at himmelen opna seg, og eg fekk sjå syner frå Gud.
2. Den femte dagen i månaden – det var i det femte året etter at kong Jojakin var bortført –
3. kom Herrens ord til presten Esekiel, son til Busi, attmed Kebar-elva i Kaldea. Herrens hand kom over han der.
4. Eg hadde eit syn, og sjå, eit stormver kom frå nord. Det var ei stor sky med logande eld. Det stråla og skein ikring henne, og inne i elden blinka det som av skinande metall.
5. Midt i elden viste det seg liksom fire skapningar som såg såleis ut: Dei hadde utsjånad som menneske,
6. men kvar av dei hadde fire andlet og fire venger.
7. Føtene deira var beine, fotblada likna kalveklauver, og dei stråla som skinande bronse.