7. Ha ikkje noko sams med dei!
8. Ein gong var de sjølve mørker, men no – i Herren – er de ljos. Lev då som born av ljoset!
9. For fruktene av ljoset er godleik, rettferd og sanning.
10. Prøv då kva som er til hugnad for Herren!
11. Ver ikkje med på dei gjerningane som høyrer mørkret til, for dei er utan frukt; refs heller.
12. Det som slike folk driv med i løynd, er det ei skam berre å nemna.
13. Men alt kjem for dagen når ljoset får avsløra det,
14. og alt som kjem for dagen, er ljos. Difor heiter det:Vakna, du som søv,stå opp frå dei døde,og Kristus skal lysa for deg.
15. Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke,
16. så de kjøper den laglege tida, for dagane er vonde.
17. Ver ikkje uvituge, men skjøna kva det er Herren vil.