Efesarane 5:27-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. På den måten ville han stella henne fram for seg i herlegdom utan flekk eller rukke eller noko slikt; heilag og lytelaus skulle ho vera.

28. På same måten skal mennene elska konene sine som sin eigen lekam. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv.

29. Ingen har nokon gong hata sin eigen kropp, tvert om gjev han kroppen næring og tek seg av han på same måten som Kristus gjer med kyrkja.

30. For vi er lemer på hans lekam.

31. Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.

32. Dette er eit stort mysterium; no tenkjer eg på Kristus og kyrkja.

33. Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha age for mannen sin.

Efesarane 5