3. Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi fylgde lystene i vår syndige natur og lét oss leia av den og av våre eigne tankar. Og vi var av naturen under Guds vreide liksom alle dei andre.
4. Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik,
5. gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste.
6. I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han,
7. så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus.
8. For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.
9. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg.
10. For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
11. De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand.
12. Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda.
13. Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod.
14. For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen.
15. Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske.
16. I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen.