21. Så rømde Jotam og kom seg unna. Han fór til Be’er; og der slo han seg ned, så Abimelek, bror hans, ikkje kunne nå i han.
22. I tre år styrte Abimelek i Israel.
23. Då sende Gud ei vond ånd som vekte strid mellom Abimelek og Sikems-mennene, og dei sveik Abimelek.
24. Dette hende for at same valdsverket som vart gjort mot dei sytti sønene åt Jerubba’al då dei miste livet, skulle koma både over Abimelek, frenden deira, som hadde drepe dei, og over Sikems-mennene, som stødde han så han kunne drepa brørne sine.
25. Sikems-mennene la folk i bakhald på fjelltindane for å halda auga med Abimelek, og dei rana alle som fór framom dei på vegen. Dette fekk Abimelek vita.
26. På den tid kom Ga’al Ebedsson med brørne sine og flytte inn i Sikem, og folket der sette si lit til han.
27. Dei gjekk ut på marka og hausta vingardane sine, pressa druene og heldt fest og var glade. Så gjekk dei inn i templet til guden sin, åt og drakk og banna Abimelek.
28. Då sa Ga’al Ebedsson: «Er Abimelek slik mann og Sikems-buane slike folk at vi skulle vera trælane hans? Er han ikkje son til Jerubba’al, og Sebul tilsynsmannen hans? Ten dei mennene som er ætta frå Hamor, far til Sikem! Men kvifor skulle vi træla under denne mannen?