Dommarane 7:19-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Gideon og dei hundre mennene som var med han, kom til utkanten av leiren med det same midnattsvakta tok til; det var så vidt midjanittane hadde sett ut vaktpostane. Då bles dei i horna og knuste krukkene som dei hadde med seg.

20. Alle tre flokkane bles i horn og knuste krukkene sine. I venstre handa heldt dei faklane, og i høgre handa hadde dei horna som dei bles i. Og dei ropa: «Dra sverdet for Herren og for Gideon!»

21. Men dei vart ståande kvar på sin plass rundt ikring leiren. Då tok alle som var i leiren, til å renna att og fram. Og ropande rømde dei.

22. Og Herren laga det så at då dei høyrde ljomen av dei tre hundre horna, vende dei sverda sine mot kvarandre alle som i leiren var. Hæren rømde til Bet-Hasjitta, bort imot Serera, til utkanten av Abel-Mehola ved Tabbat.

23. Då samla israelittane seg til strid, frå Naftali, Asjer og heile Manasse, og sette etter midjanittane.

24. Over heile Efraims-fjellet sende Gideon bodberarar som skulle seia: «Far ned og møt midjanittane, og steng dei ute frå elva heilt ned til Bet-Bara ved Jordan!» Kvar einaste mann i Efraim fekk bod om å møta, og dei stengde vegen til elva heilt ned til Bet-Bara ved Jordan.

25. Dei fanga to av midjanitthovdingane, Oreb og Se’eb. Oreb drap dei på Orebs-berget, og Se’eb ved Se’ebs-pressa, og så sette dei etter midjanittane. Hovuda av Oreb og Se’eb tok dei med til Gideon på hi sida av Jordan.

Dommarane 7