16. Kvi vart du sitjande ¬mellom kløvkorgene,lydande på hjuring-fløyter?Attmed bekkene i Rubenheldt dei lange rådleggingar.
17. Gilead heldt seg i ropå den andre sida av Jordan.Og Dan, ¬kvi drygde han attmed skipa?Asjer som budde ¬utmed havsens strand,inni vikane heldt han seg i ro.
18. Men Sebulon var eit folk ¬som våga livet;det same gjorde Naftalipå høgdene der striden stod.
19. Kongar kom og stridde,ja, Kanaans kongar striddeved Ta’anak, ¬attmed Megiddo-bekken;men dei tok ikkje sølv ¬til hærfang.