11. Den gongen hadde Heber, ein av kenittane, som var ætta frå Hobab, verbror til Moses, skilt lag med ætta si. Han hadde flytt telta sine til Sa’anannim-eika, som står nær Kedesj.
12. Då Sisera fekk spurt at Barak Abinoamsson var faren opp på Tabor-fjellet,
13. samla han alle vognene sine, ni hundre jernvogner, og alt det folket han hadde, og førte dei frå Harosjet-Haggojim til Kisjon-bekken.
14. Då sa Debora til Barak: «Kom no! For i dag vil Herren gje Sisera i dine hender. Herren går føre deg i striden.» Så fór Barak ned frå Tabor-fjellet, og ti tusen mann var med han.
15. Herren sette støkk i Sisera og gjorde at stridsvognene og heile hæren hans kom i røre, så dei ikkje kunne stå seg for Barak. Då sprang Sisera ned av vogna og rømde til fots.
16. Men Barak sette etter vognene og hæren radt til Harosjet-Haggojim, og heile hæren til Sisera fall i striden. Det vart ikkje att ein einaste mann.
17. Sisera sjølv rømde og kom til teltet åt Jael, kona til kenitten Heber. For det rådde fred mellom Jabin, kongen i Hasor, og ætta til Heber.
18. Jael gjekk ut imot Sisera og sa: «Kom inn, herre, kom inn til meg! Du treng ikkje vera redd!» Då gjekk han inn i teltet til henne, og ho gøymde han under eit åkle.
19. Så sa han: «Kjære deg, gjev meg litt vatn! Eg er så tyrst.» Ho opna ei mjølkeflaske, lét han få drikka og breidde på han att.
20. Då sa han til henne: «Stå i teltdøra, og kjem det einkvan og spør om det er nokon her, så svar: Nei!»
21. Då tok Jael, kona til Heber, ein teltplugg og gjekk stilt inn til Sisera med ein hamar i handa. Og medan han, trøytt som han var, låg i djupaste svevnen, slo ho teltpluggen gjennom tinningen hans, så han gjekk ned i jorda. Såleis døydde Sisera.
22. I same belet kom Barak, som forfylgde Sisera. Jael gjekk ut imot han og sa: «Kom, så skal eg syna deg den mannen du leitar etter.» Han gjekk med henne inn, og då fekk han sjå Sisera liggja der livlaus med teltpluggen gjennom tinningen.