Dommarane 21:23-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Benjamins-mennene gjorde så. Dei henta seg kvar si brur som dei rana mellom møyane på dansarvollen. Så fór dei heim att til odelslandet sitt. Dei bygde opp att byane og vart buande der.

24. På same tid drog israelittane òg bort derifrå, kvar til si bygd og si ætt; kvar fór heim til sin odel.

25. I dei dagar var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt.

Dommarane 21