4. Så fortalde han dei kva Mika hadde gjort for han. «Han har teke meg i si teneste,» sa han; «eg er prest hjå han.»
5. Då sa dei til han: «Kjære, spør Gud for oss, så vi får vita om ho skal lukkast, den ferda vi er ute på.»
6. Presten svara: «Far i fred! Herren skal ha auga med dykk på ferda.»
7. Så fór dei sin veg, dei fem mennene, og kom til Lajisj. Dei såg at folket der på staden levde sutlaust på same vis som sidonarane: roleg og sutlaust. Ingen som hadde makt i landet, gjekk dei for nær. Langt borte var dei frå sidonarane og hadde ikkje noko å gjera med andre folk.
8. Då mennene kom heim att, spurde frendane deira i Sora og Esjta’ol: «Kva tidender kjem de med?»
9. Dei svara: «Kom, lat oss fara opp og ta på dei! Vi har sett at det er eit framifrå land. Og de sit i ro her! Dryg ikkje med å fara til det landet og leggja det under dykk!
10. Når de kjem dit, kjem de til eit folk som ikkje reddast nokon fare, og landet er romsleg og vidt. Gud har gjeve det i hendene dykkar, eit land der det ikkje vantar nokon verdsens ting.»
11. Så fór dei i vegen, seks hundre fullvæpna menn av Dans-ætta, frå Sora og Esjta’ol.
12. Då dei var komne opp i høgda, slo dei leir i Kirjat-Jearim i Juda. Difor har den staden vorte kalla Dans-leiren heilt til denne dag. Han ligg vestanfor Kirjat-Jearim.
13. Derifrå fór dei over Efraims-fjella og kom til huset hans Mika.