Dommarane 14:7-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Så gjekk han ned og tala med jenta; og han lika henne framifrå godt.

8. Ei tid etter fór han ned att og ville gifta seg med henne. Han tok av frå vegen og ville sjå den løva han hadde drepe. Då fann han ein biesverm og honning i kroppen hennar.

9. Han tok honningen ut, heldt han i hendene og åt medan han gjekk frametter. Då han kom til foreldra sine, gav han dei òg, og dei åt. Men han sa ikkje at han hadde funne honningen i løvekroppen.

10. Då far hans kom ned til jenta, gjorde Samson eit gjestebod, som dei unge mennene hadde for vis.

11. Og så snart dei fekk sjå han, fann dei tretti bruresveinar til han; dei var støtt med han.

12. Ein dag sa Samson til dei: «Eg har ei gåte til dykk. Løyser de henne for meg innan dei sju festdagane er ute, skal eg gje dykk tretti fine skjorter og tretti festkledningar.

13. Men kan de ikkje løysa henne, skal de gje meg tretti fine skjorter og tretti festkledningar.» Dei svara: «Sei fram gåta di, så vi får høyra henne.»

14. Då sa han:«Av ein etar kom etande,av den sterke kom søtt.»Så gjekk det tre dagar, men dei hadde ikkje løyst gåta.

Dommarane 14