12. Ein dag sa Samson til dei: «Eg har ei gåte til dykk. Løyser de henne for meg innan dei sju festdagane er ute, skal eg gje dykk tretti fine skjorter og tretti festkledningar.
13. Men kan de ikkje løysa henne, skal de gje meg tretti fine skjorter og tretti festkledningar.» Dei svara: «Sei fram gåta di, så vi får høyra henne.»
14. Då sa han:«Av ein etar kom etande,av den sterke kom søtt.»Så gjekk det tre dagar, men dei hadde ikkje løyst gåta.
15. Den fjerde dagen sa dei til brura: «No må du lokka mannen din til å seia oss løysinga på gåta. Elles brenner vi både deg og folket ditt. Det er vel ikkje for å arma oss ut at du har bede oss hit?»
16. Då gjekk brura til Samson og gret og bar seg. «Du held ikkje av meg,» sa ho. «Du hatar meg visst. For du har gjeve landsmennene mine ei gåte, men du har ikkje sagt meg korleis ho skal løysast.» Han svara: «Eg har ikkje eingong sagt det til far min og mor mi, skulle eg så seia det til deg!»